Amalie Tomasgard (J16) er i storform og sprang inn til ny personleg rekord på 800 m med tida 2,26,08 på Världsungdomspelen i Gøteborg. No er ho like ved å klare kravet til NM på 2,24,99.
Dagen etter sprang ho inn til ny solid pers på 1500 m med tida 5,13,43. Det ga ein fin 18. plass.
Amalie er blant utøvarane i Ørsta IL friidrett med størst framgang i år. Ho har sett personleg rekord på så godt som alle stemna i år.
Kvart år samlast dei beste friidrettsungdomane i Europa under Världsungdomsspelen i Gøteborg. Dette er blant dei største friidrettsstemna i verda med over 8500 startar.
Amalie Tomasgard på Nya Ullevi i Gøteborg etter å ha sett solide persar på 800 m og 1500 m. Foto: Arve Hatløy
Kalender
|