59 barn og 13 leiarar var i full sving i tre dagar på friidrettsskulen på Ørsta stadion. Flott ver og godt opplegg frå leiarane skapte god stemning. Leiarane er aktive friidrettsungdomar. Friidrettsskulen var frå måndag til onsdag veka før skulestart.
Deltakarane var i aldersgruppa 6-12 år. Også i år var friidrettsskulen fullteikna. Det er 7. året på rad at friidrettsskulen vart arrangert i Ørsta.
Kalender
|