Tysdag 21. august kl 18.00 startar friidretten i Ørsta haustsesongen for fullt. Tysdagen er det trening for alle aldersgrupper. Vel møtt til nye og gamle utøvarar.
(13 år og eldre startar 20. august).
Alle treningstidene finn ein på: whttps://www.orstail.no/Friidrett/Friidrett-sidemeny/Treningstider.html
Søndag 26. august arrangerer vi Ørstaleikane. Ørstaleikane er det største stemnet til friidrettsgruppa i Ørsta. Påmeldingsfrist er tysdag 21. august. Meld på via minidrett.no i god tid. Dersom du får problem med å melde på via minidrett.no så sende epost til friidrettsgruppa i god tid før påmeldingsfristen. Vi treng mange funksjonærar for å klare å arrangere stemnet. Funksjonærlista vert klar i løpet av helga.
Ørstaleikane bruker å vere eit stemne som går over to dagar. Sidan vi i år har ei mellombels løysing på stadion i samband med at klubbhuset er rive og ny fleirbrukshall er under oppføring så har vi valt å ha stemne berre ein dag.
Kalender
|