Det var massemønstring av utøvarar frå Ørsta IL friidrett på Ørstaleikane i dag! Heile 111 utøvarar frå klubben stilte til start på stadion. Dette må vere ny klubbrekord i tal på eigne utøvarar på eit banestemne!
Det var 175 utøvarar frå 18 klubbar som deltok på stemnet. Dei fleste av utøvarane kom frå Møre og Romsdal, men mange kom og frå Sogn og Fjordane. Beste resultat hadde Jakob Slåtten (G13) frå Jølster med 9,61 på 60m hekk og 1038 Tyrvingpoeng. Knut Werge-Olsen (G15) frå Jotun IL sprang 100 m på gode 11,83 og fekk 1020 Tyrvingpoeng.
To Ørsta-utøvarar kom over 900 Tyrvingpoeng: Johannes Eiksund (G15) vart stemnets beste Ørsta-utøvar med 943 Tyrvingpoeng på 100 m som gjekk unna på 12,28. Eit lovande løp berre nokre dagar før Johannes går i startblokka under årets UM på Overhalla. Nest best frå Ørsta IL i dag vart Oskar Mjelva Straume (G11) som i dag satte ny pers i høgde med 1,25 m (før 1,20 m) og fekk med seg heim 909 Tyrvingpoeng.
Ettersom resultatlista viser mange, mange gode prestasjonar nyttar vii høvet til å gratulere alle med flott innsats! Det vart sett heile 42 nye personlege rekordar av utøvarane til Ørsta IL friidrett i aldersklassane 10 år og eldre. I tillegg kjem alle rekordane som rekruttane sette.
På Ørstaleikane deler vi ut bestemannspremie til dei med beste resultat:
G11-14 Jakob Slåtten frå Jølster for 9,61 på 60m hekk - 1038 poeng
G15-19 Knut Werge Olsen frå Jotun for 11,83 på 100m – 1020 poeng
J11-14 Mathea Svalheim frå Sandane for 1,28 i høgde – 955 poeng
J15-19 Vibeke Gussiås frå Skåla IL for 13,53 på 100m – 899 poeng
Gutar 8 år spurtar inn mot mål.
Patrick Brungot Kile i klassen gutar 7 år hoppar lengde.
Julianne Lykke Lie i klassen jenter 9 år hoppa lengde.
Seksåringane kasta liten ball med stor iver.
Alle foto: Hjørdis Almelid Vikenes
Kalender
|