Ørsta IL friidrett stilte med fire utøvarar på junior NM i friidrett på Bislett stadion 24.-26. august. Elias Hovden Nilsen debuterte i juniormeisterskap med å verte nummer fem i spyd 800 gram i klassen U20 med ny kjempers på 55,34 m (før 49,10 m)!
Elias sette også ny klubbrekord menn junior (før 49,10 m) og klubbrekord menn senior (før 54,88 m). Den gamle seniorrekorden på 54,88 m hadde stått i fred sidan 1995.
Andrine Hjellen Haugland var lenge i kamp om tredjeplassen i klassen U20, men enda til slutt opp som nummer fem med resultat på 41,73 m (968 Tyrvingpoeng).
Sigrid Vartdal sprang sitt debutløp i nasjonalt meisterskapsnivå i juniorklassen godt med 13,36 på 100 meter, berre 1/100 bak årsbeste. Ho sprang og ein god 200 m på 27,42.
Sleggetalentet Anna Hjellen Haugland hadde og debut på meisterskap i juniorklassen. Ho tok ein god 10. plass i klasse U20 då ho kasta 4 kg-slegga ut til 35,28 m.
Målet før juniormeisterskapen var to topp-8 plasseringar i spyd. Det klarte Elias og Andrine med kvar sin 5. plass!
Elias Hovden Nilsen debuterte i juniormeisterskap med å verte nummer fem i spyd 800 gram i klassen U20 med ny kjempers på 55,34 m (før 49,10 m)!
Anna Hjellen Haugland, Andrine Hjellen Haugland, Sigrid Vartdal og Elias Hovden Nilsen på junior NM på Bislett stadion.
Andrine Hjelleh Haugland tok femteplassen i spyd på junior NM på Bislett.
Kalender
|