Andrine Hjellen Haugland tok sølv i spyd J18/19 med kast på 42,56 m (989 Tyrvingpoeng). Andrine har hatt ein flott sesong der ho gjennom heile året har hevda seg i landstoppen.
(Trykk på bileta og bruk piltastar for å blade gjennom dei 25 bileta.)
Elias Hovden Nilsen tok bronse i spyd G17 med eit kjempekast på 58,23 m (963 Tyrvingpoeng). Med bronse på UM og femteplass i junior NM førre helg viser Elias at han er med å kjempe heilt i toppen på landsbasis.
Ein utøvar som er verkeleg kan hevde seg i tida framover er sleggetalentet Anna Hjellen Haugland. Ho kasta 3 kg slegga ut til gode 44,65 m (1055 Tyrvingpoeng) og tok 4. plass i J16.
Mellomdistanseløpar Amalie Tomasgard har hatt stor framgang denne sesongen. Målretta trening har gitt gode resultat. Amalie tok ein flott 8. plass på 800 m J16 på tida 2,26,66.
Sprinteren Johnannes Eiksund (G15) spring raskare og raskare. På sitt første utandørs-UM kvalifiserte han seg til semifinale på 100 m og sprang på gode 12,22 sek, berre 9/100 bak finaleplass.
Ørsta IL friidrett stilte med fem utøvarar på årets Ungdomsmeisterskap (UM), NM i friidrett for ungdom. På UM i Overhalla i Trøndelag var eliten i norsk friidrett i alderen 15-19 år samla.
Fire av Ørsta IL sine utøvarar på UM: Andrine Hjellen Haugland, Amalie Tomasgard, Elias Hovden Nilsen og Anna Hjellen Haugland. (Johannes Eiksund var ikkje til stades då biletet vart teke).
Kalender
|