Det vart storfangst av medaljar for Ørsta IL friidrett på Midt-Norsk meisterskap. Dei ni utøvarane frå klubben tok heim til saman 26 medaljar, seks nye klubbrekordar og seks personlege rekordar.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) held framleis høgt nivå i spyd sjølv etter ein lang og hard spydsesong. I spyd fekk ho opp solide 44,20 m og 1015 Tyrvingpoeng. Dette var det sjette resultatet hennar over 1000 poeng denne sesongen. Ho tok og gull i lengde og tresteg.
Anna Hjellen Haugland (J16) kasta 3 kg slegga til gull med resultatet 43,29 m og 1027 Tyrvingpoeng. Dette var det femte sleggeresultat hennar over 1000 Tyrvingpoeng denne sesongen. Ho tok og gull i spyd og kule, og sølv i diskos.
Johannes Eiksund (G15) suste inn til gull på 100 m med 12,46 sek og 913 Tyrvingpoeng, hans 10. sprintløp over 900 poeng i år.
Elias Hovden Nilsen (G17) kasta 700 gr. spydet 54,39 meter og tok gull. Elias er allsidig og hoppa til gull i høgde med 1,65 m. Han tok og gull i diskos.
Amalie Tomasgard (J16) sprang til gull på 600 meter med 1,43,84, ny pers og klubbrekord i klassen J16. Ho tok sølv på 300 m.
Sigrid Vartdal (J17) tok gullet på 100 m med tida 13,51. Ho tok sølv på 300 meter og bronse i spyd.
Åse Øyehaug (J17) sprang til sølv på den noko utradisjonelle øvinga 150 m med 22,01, pers og ny klubbrekord. Ho tok sølv på 300 meter hekk og bronse på 300 meter flatt.
Christina Wilke (KS) tok gull i kule med 10,71 m. Ho tok og gull i diskos, spyd og høgde.
Jørgen Andre Førde (G18/19) sprang til gull på 600 m på 1,31,86. Han sprang og til gull på 300 m på 42,64. Begge resultata er både pers og klubbrekord G18.
Laurdagen vart avslutta med at Åse, Anna, Sigrid og Amalie sprang inn til gull på 1000 m stafett.
Friidrettsgruppa i Ørsta er svært nøgde med denne sesongavslutninga. Gruppa kan sjå tilbake på ein av dei beste sesongane på mange år. Det er og lenge sidan friidrettsgruppa har stilt med så mange utøvarar på eit meisterskap.
Midt-Norsk meisterskap vart arrangert av Straumsnes IL på Straumsnes 15.-16. september. Meisterskapet var for utøvarar i alderen 15 år og eldre.
Ørsta IL friidrett sine utøvarar på Midt Norsk meisterskap, f.v.: Anna Hjellen Haugland, Christina Wilke, Amalie Tomasgard, Sigrid Vartdal, Elias Hovden Nilsen, Jørgen Andre Førde, Åse Øyehaug og Andrine Hjellen Haugland. Johannes Eiksund var ikkje til stades då biletet vart teke.
Andrine Hjellen Haugland (J18/19) kasta til gull i spyd med solide 44,20 m og 1015 Tyrvingpoeng. Dette var det sjette resultatet hennar over 1000 poeng denne sesongen.
Johannes Eiksund (G15) med startnr 112 sprang til gull på 100 meter med 12,46 sek og 913 Tyrvingpoeng, hans 10. sprintløp over 900 poeng i år.
Elias Hovden Nilsen (G17) kasta 700 gr. spydet 54,39 meter og tok gull. Elias er allsidig og hoppa til gull i høgde med 1,65 m
Sigrid Vartdal (J17) med startnr 114 tok gullet på 100 m med tida 13,51. Ho tok sølv på 300 meter og bronse i spyd.
Åse Øyehaug (J17) sprang til sølv på den noko utradisjonelle øvinga 150 m med 22,01, pers og ny klubbrekord.
Stafettlaget til Ørsta IL friidrett med Sigrid Vartdal, Amalie Tomasgard, Åse Øyehaug og Anna Hjellen Haugland sprang inn til gull på 1000 m stafett.
Kalender
|