Vil du lære meir om friidrett? Bli med på kretsdommarkurs friidrett 19.-20. oktober

Vil du lære meir om friidrettsreglane? Vil du følge opp betre barnet ditt på friidrett? Då er kretsdommarkurs midt i blinken for deg.

Kursstart vert kvelden fredag 19. oktober og på dagtid laurdag 20. oktober.

2018-09-25
olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett saman med dommarutvalet i Norsk Friidrett Møre og Romsdal byr inn til dommarkurs i friidrett. Kurset vert på klubbhuset til Ørsta IL.

Kurset vert kvelden fredag 19. oktober og på dagtid laurdag 20. oktober.

På dommarkurset får du god innsikt i reglane med tanke på oppgåver som funksjonær på stemne, som trenar eller utøvar.

Etter dommarkurset har du eit godt grunnlag til å kunne følgje opp eigne og andre sine barn på friidrett. Du treng ikkje forkunnskap for å melde deg på kretsdommarkurset. Etter kurset tek du prøve for å bli kretsdommaraspirant. Ferdig utdanna dommarar kan delta på kurset for å friske opp dommarkunnskapen.

Ørsta IL friidrett treng fleire dommarar for å klare å arrangere stemne, så vi vonar at det blir god deltaking. Kurset er gratis for Ørsta IL friidrett sine medlemer. Nedre aldersgrense er 15 år (det året ein fyller 15).

Forventningar frå klubben:

Utøvarar i alderen 16 år og eldre: Vi forventar at de deltek på kurset.
Foreldre til utøvarar i alderen 13 år og eldre: Vi vonar verkeleg at de deltek på kurset.
Foreldre til utøvarar i alderen 10-12 år: Flott om de vert med!
Foreldre til rekruttar: Flott om nokon av dykk vert med!
Vi vil ha tilbakemelding snarast frå dei som vil vere med. Siste frist for påmelding er 11. oktober.

Meld på til friidrettseposteadressa til Ørsta IL friidrett.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket