Over 100 motiverte barn og ungdomar stilte på den tradisjonsrike avsluttinga av friidrettssesongen. Programet var i år som tidlegare år; Fellesstafett for alle aldersgruppene, premieutdeling for rekrutteringscupen og varm mat og drikke.
Godt over 100 utøvarar og nesten like mange foreldre trassa vermeldingane og stilte på avlsluttinga på sesongen. Regnet helst seg stort sett unna første timen
Først på programmet var superduper-stafetten, ein pendelstafett med to grupper som står mot kvarandre i ein avstand på omlag 30 meter. Ein spring fram til motståande gruppe og vekslar. På årets stafett var det seks lag. Kvart lag hadde 16-17 utøvarar i alderen 4-15 år. Det var imponerande innsats av alle laga. Bane 1 og 6 tok sigeren, tett følgt av bane 2,3,4 og 5.
Premieutdelinga var for deltaking i rekrutteringscupen. Cupen er sett saman av seks store og små stemne på Ørsta stadion. Dei som var med på ein cup fekk medalje. Deltakarar på 2-3 cupar fekk liten pokal, 4-5 cupar fekk mellomstor pokal. Dei som hadde delteke på alle cupane fekk stor pokal.
No tek friidretten pause for dei yngste. Førstkomande torsdag er det omvendt femkamp for dei som er 2009-modellar og eldre. For dei som er 10 år (2009-modellar tel som 10-åringar allereie no) og eldre held treningane fram gjennnom helie vinteren.
Kalender
|