Onsdag 18. desember 2018 arrangerte Ørsta IL sitt siste friidrettsstemne i den gamle Ørstahallen. Frå februar vert innandørsaktiviteten inne i den nye hallen. 15 motiverte utøvarar stilte til start.
Filip Hoggen (G14) har stadig framgang. Han hadde det lengste hoppet av alle på stemnet med 2,36 m.
Stemnet i dag enda opp med heile 21 nye personlege rekordar!
Rasmus Nymark (G10) vart stemnets utøvar med 920 Tyrvingpoeng for sitt gode hopp på 1,94 m i lengde u tilløp. I tillegg støtte han 2 kg kula ut til 6,61 m (875 Tyrvingpoeng).
Elles legg ein merke til Filip Hoggen og Thea Nilsen sine lovande hopp.
Filip (G14) kom opp med to gode resultat: 2,36 m i lengde u tilløp (før 2,22 m) og 1,15 m i høgde u tilløp (før 1,05 m).
Thea (J13) hoppa gode 1,10 m i høgde u tilløp (før 1,00 m).
Kalender
|