44 nye personlege rekordar og mange friidrettsmedaljar på KM

Krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen vart ein suksess for Ørsta IL friidrett. Med 44 personlege rekordar, mange klubbrekordar og mange medaljar viste friidrettsgruppa at forma er svært god.

2019-01-27
olve.oyehaug

Klubbens hurtigtog Johannes Eiksund (G16) spring raskare og raskare. Han fekk 951 Tyrvingpoeng på 60 m for løpet på 7,58 sekund, og 919 Tyrvingpoeng for sine 24,45 sekund på 200 m. Desse tidene er dei raskaste 60 m og 200 m innandørs som nokon gong er sprunge av ein gut/mann i Ørsta IL.

Ein som vert verkeleg spennande å følgje med i tida framover er Nahom Kibreab Ghebrehiwet (G18). Han begynte med friidrett rett før jul. Allereie no viser han til imponerande resultat og klubbrekordar innandørs. Han sprang 400 m på 54,06 og 800 m på 2,08,55. På 400 m var han berre 1,3 sek bak ein av landets raskaste 18-åringar, Harald Lund Johansen frå Sunndal IL.

Amalie Tomasgard (J17) trenar svært målretta er av dei som har hatt nesten kontinuerleg framgang dei siste åra. Ho vart krinsmeister på 800 m med 2,35,09. Ho tok sølv på 400 m med 1,04,65.

Filip Hoggen (G15) har flott framgang. Han var for første gong under 60 sek på 400 m med tida 58,98, ny pers og ny klubbrekord G15.

Elise Aarflot (J13) tok to gull (60 m og lengde), ein sølv og tre bronse. Ho sette klubbrekord J13 i lengde med 4,37 s og på 60 m hekk på 12,73 sek.

Oskar Mjelva Straume (G12) sette fire klubbrekordar i klassen G12, og tok mange medaljar. Høgdehoppet på 1,29 m var eitt av dei gode resultata hans. Søster hans, Maria Mjelva Straume (J14) sette ny PR og innandørsrekord J14 på 800 m 2,47,35.

Det var så mange andre gode prestasjonar at vi ikkje får plass til alle her. Sjå resultatlistene på www.dimna.no

Ørsta IL friidrett stilte med 23 utøvarar på krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen 26.-27. januar. Det var rundt 250 påmelde frå 35 klubbar på stemnet, fordelt på vel 700 startar.

Med suksess på KM og opning av Ørstahallen så har dette vore ei friidrettshelg av dei store!

%281%29%20KM2018%20Johannes-600.jpg

Klubbens hurtigtog Johannes Eiksund (G16) vart krinsmeister på både 60 m og 200 m, med tidene 7,58 s og 24,45 s.

%282%29%20KM%202018%20Nahom-600.jpg

Nahom Kibreab Ghebrehiwet (G18) begynte med friidrett rett før jul. No hevdar han seg heilt i toppen med gull på 800 m og sølv på 400 m.

%283%29%20KM%202018%20Amalie-600.jpg

Amalie Tomasgard (J17) sette ny pers, ny klubbrek J17, ny klubbrekord kvinner senior og kvinner junior på 800 m på tida 2,35,09, og tok gull. Ho tok og sølv på 400 m.

%284%29%20KM%202018%20Filip%20og%20co-600.JPG

Filip Hoggen (G15), i midten, imponerte med å verte krinsmeister på 400 m med 58,98 s. Han var 1/100 raskare enn sjølvaste Gabriel Overvåg frå Dimna IL og 34/100 raskare enn Moritz Miiltz frå Midsund.

%285%29%20KM%202018%20G12%20Eirik%20Oskar%20og%20Noah-600.jpg

Ørsta IL friidrett tok alle pallplassane i lengde i klassen G12. F.v. Eirik Hasle, Oskar Mjelva Straume og Noah Digernes.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket