Dei nye treningstidene er no klare og gjeld frå og med måndag 11. februar.
Innetreningane er i Ørstahallen. Frammøte alle utetreningar på framsida av Ørstahallen.
Trykk "Les mer" om du ikkje ser treningstidene.
Det vert mykje nytt både for trenarane og utøvarane når vi tek i bruk den nye hallen. Vi har godt med treningstid i hallen og vil prøve å utnytte det på ein god måte. Når vi haustar erfaringar kan det verte endringar i både treningstider og treningsinnhald.
Den største endringa er at det vert mykje meir trening innandørs, treninga på Vikemarka går ut og vi går frå 4 til 3 treningar for eldstegruppa p.g.a. at vi får meir treningstid pr dag.
10-12 år
Måndag
18.00 - 19.00 Løpstrening (inne) - Ørstahallen løpebana (trenar Olve)
Onsdag
18.00 - 19.00 Styrke/spenst (inne) - Ørstahallen løpebana (trenar Olve)
13 år og eldre
Måndag
18.00 - 19.30 Langsprint (ute) frammøte utanfor Ørstahallen (kl 19.00-19.30 er det spenst) (trenar Kari)
Tysdag
18.30 - 20.00 Spenst, styrke og kast (inne) - Ørstahallen løpebana og gymsal bane 1 (trenar Elin, Michele og Svein-Egil)
Torsdag
18.00 - 19.30 Kortsprint og kast (inne) - Ørstahallen løpebana og gymsal bane 1 (trenar Kari og Svein-Egil) - det kan på sikt bli hopptrening og denne dagen
18.00 - 19.30 Mellom- og langdistanse (ute) frammøte utanfor Ørstahallen (trenar Elin)
Kasttreningar for 15 år og eldre etter avtale med trenar
For dei som er 15 år og eldre vert det ein del individuelt tilpassa treningar som avvik frå oppsetter over, og enkelte treningar vert lagde til Ulsteinhallen. Trenaren avtalar dette med utøvarane.
Det kan i tillegg verte nokre tilpassa treningar for aldersgruppa 13 år og eldre. Det avtalar trenar med utøvarane.
2009-modellane vert rekna som 10-åringar f.o.m. no.
Treningar for dei som er 9 år (2010-modellar) og yngre startar opp att i mai 2019.
Friidrettsgruppa har følgjande tider i den nye Ørstahallen frå og med 11. februar:
Løpebane
Måndag kl 18 - 19
Tysdag kl 18:30 - 20
Onsdag kl 18 - 19
Torsdag kl 18 - 19:30
Kalender
|