Spennande friidrettsveke i Ørsta

Denne veka skjer det mykje nytt i friidretten i Ørsta. Måndag 11. februar kl 18-19 har vi første trening i den nye Ørstahallen, for 10-12 årsgruppa. Tysdag kl 1830 har gruppa for 13 år og eldre si første trening i inne i hallen.

2019-02-10
olve.oyehaug

Vi bruker garderobene for å henge frå oss ytterkle og å ta på innesko. Det er ikkje lov med utesko inne på speleflatene og løpedekket.

Onsdag 13. februar kl 18 er det 900-poengsfest for 10-åringar (2009-modellar) og eldre på det mellombelse klubhuset (ved Kiwi-hallen). Alle 2009-modellar og eldre som har vore med på friidrett det siste åre er hjarteleg velkomne. Dei nye klubblokala i Ørstahallen er ikkje heilt klare endå, så 900-poengsfesten vert altså på mellombels klubbhus.

Vi minner og om at 1.-3. mars er det UM (Norgesmeisterskap i friidrett for ungdom) i Ulsteinhallen. Dette stemnet er for aldersgruppa 15-22 år. Hugs at siste frist for påmelding er måndag 18. februar. Sjå meir info på www.nmdimna.no

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket