Bronse til Amalie på UM

Amalie Tomasgard (J17) tok bronse på 1500 m på UM med tida 5.31.06. Ho deltok og på 800 m og 400 m. 

2019-03-03
olve.oyehaug

Norgeseliten i friidrett i alderen 15 til 22 år var i helga samla på innandørs UM, NM for ungdom, i Ulsteinhallen. Ørsta IL friidrett stilte med seks utøvarar.

Johannes Eiksund (G16) imponerte igjen og tok ein god 5. plass på 60 m. I løpet av UM vart det sett fleire klubbrekordar innandørs for Ørsta IL. Tida 7,45 sekund gjer Johannes Eiksund (G16) til Ørsta sin raskeste mann på 60 m gjennom alle tider!

Elias Hovden Nilsen (G18/19) tok 5. plass med 1,70 m i høgde og sette ny klubbrekord innandørs i klassane MJ og MS.

Ørsta hadde tre meisterskapsdebutantar som alle presterte godt: Nahom Kibreab (G18/19) sprang 800 m på 2,04,02 og fekk 11. plass. Tida er ny klubbrekord innandørs i klassane MJ og MS. Han sprang og ein god 400 m på 54,08. Jørgen Andre Førde (G18/19) tok 14. plass på 800 m med tida 2,11,74. William Lillefosse (G16) støytte 6 kg kula 9,07 m og tok 7. plass. Desse ungdomane har endå meir å gå på, så vi følger spent med på prestasjonane deira framover!

Innandørs norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-22 år vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen 1.-3. mars. Det er andre gong Dimna IL arrangerer innandørs UM. Det var deltakarar frå over 100 klubbar på meisterskapet.

Meir informasjon og mange flotte bilete frå UM finn ein på www.nmdimna.no

UM%202019%20inne%20Amalie-600.jpg
Amalie Tomasgard (J17) tok UM-bronse på 1500 m med tida 5,31,06.

UM%202019%20inne%20Johannes-600.jpg
Johannes Eiksund tok 5. plass på 60 m. Han er no klubbens raskaste mann på 60 m med tida 7,45. 

UM%202019%20inne%20Elias-600.jpg
Elias Hovden Nilsen (G18/19) hoppa 1,70 i høgde og tok 5. plass.

UM%202019%20inne%20Nahom-600.jpgNahom Kibreab (G18/19) sette klubbrekord innandørs på 800 m med 2,04,02 på 800 m.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket