Laurdag 9. mars vart dei tradisjonelle Strynehalleikane arrangert for 33. gong. Ørsta IL friidrett stilte med fem utøvarar. Det vart konkurrert i 40 meter, kule, høgde og lengde.
Ramona Magdalena Ose (J10) var yngste utøvar frå Ørsta IL friidrett. Ho deltok i 40 m og kule.
Christina Wilke (KS) sette klubbrekord innandørs i kule 4 kg med 11,31 m. Ho tok gull i både kule og høgde.
Arnstein Nikolai Ose (G14) tok gull i kule 4 kg med 8,67 m. Zita Hövemann (J18) tok gull på 40 m og lengde. Gustav Andreas Lykkeslet Vik (G12) gjorde ein flott innsats på 40 m, kule og lengde.
Over 60 deltakarar var påmelde. Arrangementet var eit samarbeid mellom friidrettsgruppene Oppstryn, Olden og Stryn.
Ramona Magdalena Ose (J10) var yngste utøvar frå Ørsta IL friidrett. Ho deltok i 40 m og kule.
Arnstein Nikolai Ose (G14) tok gull i kule 4 kg med 8,67 m. På andreplass var Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL.
Christina Wilke (KS) tok gull i både høgde og kule.
Framme f.v.: Ramona Magdalena Ose, Gustav Andreas Lykkeslet Vik. Bak f.v.: Christina Wilke, Arnstein Nikolai Ose og Zita Hövemann.
Kalender
|