Tysdag 23. april startar Ørsta IL friidrett opp utesesongen for alle aldersgrupper. Første aktivitet er gateløpet i Vikegata. Etter det er det stort tilbod på friidrettsfronten. Vi skal ha treningar, rekrutteringscup og mykje meir.
Gateløpet i Vikegata vert tysdag 23. april. Påmelding ved frammøte kl 1700-1730. Løpsstart presis kl 18. Møt tidleg så de når påmeldinga. I fjor og året før var vi rekordmange deltakarar med over 120 påmelde. Klarer vi å slå rekorden? :-)
Treningstider vert dei same som tidlegare år. For dei yngste vert det altså tysdagar kl 18. Sjå nettsida vår: https://www.orstail.no/Friidrett/Friidrett-sidemeny/Treningstider.html
Vi skal arrangere mange stemne. Vi treng ca 40-60 funksjonærar på kvart stemne og er heilt avhengige av at foreldra kan stille opp og hjelpe til. Så set av datoane under. Vi treng deg truleg som hjelpar på nesten alle stemna. Stemna viktige for aktivitet og økonomi. Stemna er ei av dei største inntektskjeldene våre.
Vi skal arrangere følgjande stemne:
Øvingsutval for rekrutteringscup nr 4 og 6 finn ein i informasjonsheftet for 2019. Heftet vert klart rundt 20. april.
Terminliste heile landet: Trykk her for søkbar terminliste for heile landet
Vi har plass til fleire utøvarar, så om det er nokon nye som ønskjer å prøve friidrett så er dei hjarteleg velkomne.
Vi treng fleire hjelparar til friidretten i Ørsta IL. Vi har både veldig enkle oppgåver og meir omfattande oppgåver. Vi tek i mot alle bidrag. Kan du tenkje deg på hjelpe til så ta kontakt med styret.
Kalender
|