Ørsta IL friidrett inviterer til gateløp i Vikegata i Ørsta tysdag 23. april. Påmelding kl 17.00-17.30. Stemnestart kl 18.00. Dei yngste startar først.
Deltakaravgift kr 50,- betalast ved påmelding. Det er venta ekstra stor deltaking i år p.g.a. fint ver.
Møt tidleg så de rekk å melde på før start.
Det tradisjonsrike gateløpet vert også i år arrangert i Vikegata ("Midtigata") i Ørsta. Oppmøte er i austenden av Vikegata (mot E39).
Gateløpet er første løp i rekrutteringscupen.
Løyper:
4-6 år: Kort løype ca 100-200 meter
Start og Mål som vist på vedlagt kart, ved Vikegata 17. Vending ved Fru Svensen.
7-9 år: Litt lenger løype ca 200-400 meter
Start og Mål som vist på vedlagt kart, ved Vikegata 17. Vending før Torggata.
10-12 år: Mellomlang løype ca 600-800 meter
Start og Mål som vist på vedlagt kart, ved Vikegata 17. Vending før Anders Aarsæter-gata.
13 år og eldre: Lengst løype ca 800-1000 meter
Start og Mål som vist på vedlagt kart, ved Vikegata 17. Løp ut gjennom Vikegata, nedover Anders Aarsæter-gata, rundt parkeringsplassen nedanfor Sport Outlet og utover Strandgata, vending rundt bygget i Strandgata 7 (der Jysk-butikken var), og retur gjennom Vikegata.
Kalender
|