Stor suksess på 50-årsjubileet til Ørstastafetten

34 lag og over 130 utøvarar deltok på Ørstastafetten sitt 50-årsjubileum søndag 28. april. Dette var sesongopning på Ørsta stadion der ein også fekk ta i bruk det nye tribuneanlegget og fasilitetane i Ørstahallen for første gong. 

2019-04-28
olve.oyehaug

Ordførar Stein Aam opna jubileumsstemnet. Han takka friidrettsgruppa for flott innsats for barn og unge gjennom mange år og overrekte ei gåve frå kommunen til friidrettsgruppa. Ordføraren var sjølv ein aktiv idrettsmann i sin ungdom og har mellom anna sprunge mange stafettar for Ørsta IL.

Ørsta IL friidrett stilte med ikkje mindre enn 19 lag og 74 utøvarar. Dette er nest største stafettdeltaking frå Ørsta IL i nyare tid. Hareid IL stilte med åtte lag, Dimna IL stilte med fem lag, og Austefjord IL hadde med eitt lag. Den gode deltakinga og den store idrettsgleda viste at stafett er svært populært i friidretten.

Deltakinga var størst i klassen 6-10 år. 21 lag deltok der. Dei sprang 4 x 100 meter. Det var tydeleg at utøvarane gav full innsats for laget sitt.

Frå 11 år og eldre var det 1000 meter stafett, der etappane var 100 m, 200 m, 300 m og 400 m. I seniorklassane tok Ørsta IL friidrett gull i både kvinne- og herreklassane. Det unge herrelaget med Johannes Eiksund, Filip Hoggen, Jørgen Førde og Nahom Kibreab sprang på gode 2,13,38, og dei har meir å gå på. Kvinnelaget med Andrine Hjellen Haugland, Hannah Marie Skjeret, Åse Øyehaug og Sigrid Vartdal sprang på 2,35,40.

Ørsta IL friidrett vann jenteklassen J-11-14 år med laget Pia Flatjord Tofteland, Julie Hovden Ryste, Elise Aarflot og Jenny Hermine Bjørneset med tida 2,48,85. Dimna IL tok 2. plass og Hareid IL tok 3. plass.

I klassen G-11-14 år tok Ørsta IL friidrett 3. plass med laget Noah Merheb, Eirik L. Hasle, Benjamin Mo og Johannes Vadstein. Vinnar var Hareid IL. Andreplass gjekk til Dimna IL.

Trykk her for resultatliste

No gjer friidrettsgruppa seg klar til ein aktiv sesong med eit tettpakka treningsprogram og mange stemne både lokalt og nasjonalt.

rstastafetten%202019%20Jenny.jpeg
Jenny Hermine Bjørneset og laget hennar sprang til gull i klassen J-11-14.

rstastafetten%202019%20Nahom.jpeg
Nahom Kibreab sitt lag sprang til gull på respektable 2,13,38. Og alle på det laget har meir å gå på, så det blir spennande å følge dei i tida framover.

rstastafennet%202019%20Simon%20Olai%20Vadstein.jpeg
Simon Olai Vadstein sprang i full fart heile etappen.

rstastafetten%202019%20Ordf%F8rar%20og%20Olve.jpegLeiar i friidrettsgruppa Olve Øyehaug introduserer ordførar Stein Aam. Ordføraren opna 50-årsjubileumsstemnet.

rstastafetten%20Vemund%20og%20Andreas.jpegVemund Råheim Vatne og Andreas Vadstein imponerte på etappane sine.

rstastafetten%20Johannes%20Vadstein.jpeg
Johannes Vadstein sikra ein god 3. plass for laget sitt i klassen G-11-14.

rstastafetten%202019%20Sigrid.jpeg
Sprinteren Sigrid Vartdal sprang til gull på sisteetappen for kvinner senior-laget, og viste igjen at ho har eit svært godt potensiale også på 400 meter.

rstastafetten%202019%20premieutdeling%20og%20%D8rstahallen.jpeg
Alle dei yngste utøvarane fekk gullmedalje. 

rstastafetten%202019%20Startblokk.jpegEin god start er viktig også på stafett. 

rstastafetten%202019%20pinnar.jpeg
Stafettpinnane klare til bruk på Ørstastafetten.

Alle foto: Birger Nilsen

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket