Dei som ikkje sprang fort og godt på Ørstastafetten søndag 28. april hadde teke turen til Loggane denne dagen for å kaste tungt og langt. Anna Hjellen Haugland (J17) held fram som i fjor med å banke inn 1000 poengresultat.
I dagens sesongopning med 3 kg slegga fekk Anna 1039 Tyrvingpoeng for resultatet 47,32 m. Ny PR (før 46,46) og ny klubbrekord J17.
Arnstein Nikolai Ose ((G14) er ein kar som øver jamnt og trutt og får betalt for det. I dag sette han ny PR og klubbrekord G14 i kule 4 kg med resultatet 9,68 m! Han kan klare over 10 m i løpet av sesongen. Så kasta han 4 kg slegga 25,99 m og satte ny PR. Sleggeresultatet er mindre enn ein meter bak klubbrekorden G14. Den rekorden har vi tru på at Arnstein tek heim om ikkje så lenge. 1 kg diskosen kasta han 22,71 m og ny PR.
Christina Wilke (KS) fekk sitt beste resultat i kule 4 kg med 10,77 m og 1 kg diskosen landa på 23,57 m. Desse resultata ga klubben mange nye gode poeng i Lagserien 3.div. kvinner.
Kalender
|