Nahom vann 1. mai løpet på Åheim

Nahom Kibreab vann 1. mai løpet på Åheim. Med det tok 18-åringen sitt første napp i vandrepokalen. Nahom vann foran Kristian Nedregård som har vunne dei siste 13 gongane.

2019-05-01
olve.oyehaug

Førehandsfavoritt var Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn. Han har vunne løpet 13. år på rad. Det var ikkje mange som ante at det var nokon som kunne springe frå Nedregård. Nahom Kibreab og Nedregård veksla om å ligge i tet i løpet, men på oppløpet sette Nahom inn sluttspurten og drog i frå Nedregård. Nahom vart vinnar på tida 10.30.

Vinnar av dameklassa var den knapt 16 år gamle Tiril Hasund frå Åheim IL.

1. mai-løpet på Åheim er 60 år i år. Arrangør av løpet var Åheim IL.

Link til resultatliste: http://www.aaheim.no/?command=article.getAttachment&articleId=149778&file=resultatliste_1_mail_pet_2019.docx

 

 

 

Nahom%20A%u030Aheim%201%20mai%202019%20i%20ma%u030Al-600.jpg
Nahom i mål etter eit svært godt 1. mai-løp på Åheim.

 

Nahom%20A%u030Aheim%201%20mai%202019%20pokal-600.jpg
Første napp, to år til så blir denne Nahom sin til odel og eige.

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket