Maria Mjelva Straume (J14) var den som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett. Ho sprang i mål på 1500 m til tida 5,17,51 og gullmedalje - ny og imponerande personleg rekord (før 5,59,32)! Dette er klubbens 8. beste tid på 1500 m kvinner gjennom alle tider
Ørsta IL tok med seg heim 12 medaljar på Sparebanken Møre Akslaleikane i Ålesund.
Johannes Eiksund (G16) sprang seg inn som klubbens 6. beste mann på 200 m utandørs gjennom alle tider med ny pers 24,46 (før 25,46) og fekk 918 Tyrvingpoeng.
Elias Hovden Nilsen (G18/19) fekk 911 Tyrvingpoeng for sitt 54,56 m i spyd 800 gr.
Jenny Hermine Bjørneset (J13) sprang godt på sin første 1500 m på 6,07,52. Ho sette pers i fleire øvingar i dag.
Elise Aarflot (J13) vann i alle øvingane ho deltok i, 200 m, lengde og 60 m hekk. 200 m gjekk unna på 29,36 sek.
Thea Nilsen (J14) hoppa 4,10 i lengde. Ho fekk og gode resultat i spyd og slegge.
Andrine Hjellen Haugland (KS) kasta 600 gr spydet 44,96 m. Christina Wilke (KS) kasta spydet 31,91 m og hoppe 1,50 i høgde.
Rekruttane Agnes Hjellen Haugland og Ragne Øyehaug (J9) viste at klubben har gode talent også i dey yngste årsklassane.
Det var fleire resultat som bidrog til lagserien i 3. divisjon: Elise (29,46 på 200 m) - Maria (5,17,51 på 1500 m) og Christina (1,50 m i høgde) skaffa klubben mange nye poeng i Lagserien 3. div. kvinner. Johannes (24,46 på 200 m) gav nye poeng til klubben sitt herrelag i 3. div.
Resultata kan du sjå på Ålesund FIK si nettside, trykk her.
Maria Mjelva Straume (J14) var den som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett. Ho sprang i mål på 1500 m til tida 5,17,51 og gullmedalje - ny og imponerande personleg rekord (før 5,59,32)!
Johannes Eiksund (G16) sprang seg inn som klubbens 6. beste mann på 200 m utandørs gjennom alle tider med ny pers 24,46 (før 25,46) og fekk 918 Tyrvingpoeng.
Elias Hovden Nilsen (G18/19) fekk 911 Tyrvingpoeng for sitt 54,56 m i spyd 800 gr.
Rekruttane Ragne Øyehaug og Agnes Hjellen Haugland i klassen J9 gjer seg klare til å kaste liten ball.
Kalender
|