Gode resultat frå fire friidrettsstemne i helga

Ørsta IL friidrett deltok på fire stemne i helga. 27 av våre deltok på Dimnaleikane i Ulsteinvik, 10 på Sparebanken Møre Akslaleikane i Ålesund, tre på Honndalsleikane i Hornindal og to på Sparebankleikane på Byrkjelo. Det vart mange flotte prestasjonar.

2019-05-26
olve.oyehaug

På Akslaleikane laurdag var Maria Mjelva Straume (J14) den som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett. Ho sprang i mål på 1500 m på tida 5,17,51 og gullmedalje, ein ny og sterk personleg rekord (før 5,59,32). Dette er klubbens 8. beste tid på 1500 m kvinner gjennom alle tider. Johannes Eiksund (G16) sprang seg inn som klubbens 6. beste mann på 200 m utandørs gjennom alle tider med ny pers 24,46 (før 25,46) og fekk gull og 918 Tyrvingpoeng.

Søndag vart Dimnaleikane arrangert for 40. gong. Der sprang Johannes raskt igjen. Med 12,06 sek på 100 tok han sølv, berre tre hundredelar frå siger. Det heldt til 938 Tyrvingpoeng. Oskar Mjelva Straume (G12) hoppa 1,27 i høgde, ny pers og gull. Elise Aarflot (J13) vann i fem av dei seks øvingane ho deltok i på Dimnaleikane og Akslaleikane. Det beste resultatet hennar var på 200 m med ny utandørspers på 29.46 sek. Ørsta IL friidrett hadde og med mange ivrige utøvarar i dei yngste klassane på Dimnaleikane. 

På Honndalsleikane støytte Arnstein Niklolai Ose 4 kg kula 8,73 m og tok gull. Så reiste han til Byrkjelo for å delta på neste stemne same dag. På Byrkjelo sette Arnstein Nikolai Ose (G14) klubbrekord og ny pers i slegge 4 kg med bestekast på 29,54 m (før 29,34 m). 

Ørsta IL friidrett har opplevd god vekst over fleire år. Med 108 eigne utøvarar på stemnet i Ørsta førre helg og god deltaking på dei lokale stemna denne helga lovar det godt for friidretten i lokalmiljøet. 

Resultatlister:

Resultatliste Akslaleikane

Resultaliste Dimnaleikane

Resultatliste Sparebankleikane (Byrkjelo)

Resultatliste Honndalsleikane

 

 

2019%20Maria%20Straume%20600.jpg
Maria Mjelva Straume (J14) var den som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett. Ho sprang i mål på 1500 m til tida 5,17,51 og gullmedalje - ny og imponerande personleg rekord (før 5,59,32)!

Byrkjelo%202019%20Arnstein%20gull%20600.jpg
På Byrkjelo sette Arnstein Nikolai Ose (G14) klubbrekord og ny pers i slegge 4 kg med bestekast på 29,54 m (før 29,34 m).

Aksla%202019%20Johannes%20600.jpg
Johannes Eiksund (G16) sprang seg inn som klubbens 6. beste mann på 200 m utandørs gjennom alle tider med ny pers 24,46 (før 25,46) og fekk gull og 918 Tyrvingpoeng.

Aksla%202019%20Agnes%20og%20Ragne%20600.jpg
Rekruttane Ragne Øyehaug og Agnes Hjellen Haugland i klassen J9 gjer seg klare til å kaste liten ball.

Dimnaleikane%202019%20Margrethe%20600.jpg
Margrethe Aarflot Årdal (J7) hoppa lengde og sprang 60 m.

Dimnaleikane%202019%20Oskar%20og%20Ha%u030Avard%20600.jpg
F.v.: Oskar Mjelva Straume (G12) hoppa 1,27 i høgde, ny pers og gull. Håvard Keilen (G12) tok sølv.

Dimnaleikane%202019%20Elise%20600.jpg
Elise Aarflot (J13) vann i fem av dei seks øvingane ho deltok i på Dimnaleikane og Akslaleikane. 

Dimnaleikane%202019%20Thea%20600.jpg
Thea Nilsen (J14) sette pers i lengde med 4,26 m og tok sølvmedalje.

Dimnaleikane%202019%2060m%20G12%20heat%202%20600.jpg
På 60 meter for gutar 12 år var det i heat nr 2 fire av fire utøvarar frå Ørsta IL friidrett.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket