Friidrettsskulen Nestle-leikane

Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettsskulen Nestle-leikane på Ørsta stadion måndag 12. august - onsdag 14. august 2019. Det er framleis plassar att, så meld på før fristen 9. august.

2019-06-03
olve.oyehaug

Nestle-leikane er eit lokalt tilbod til barn i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På Nestle-leikane skal barn få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.

Nestle-leikane er i regi av Norges Friidrettsforbund. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere Nestle-leikane

Det er plass til 60 barn på friidrettsskulen Nestle-leikane .

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.

Alder: 6-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 12. august - onsdag 14. august, klokka 9-15.

Stad: Ørsta stadion

Påmeldingsfrist: 9. august 2019

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: T-skjorte

Antal: 60 deltakarar

Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta2019

Oppmøtestad: På friidrettsbana på Ørsta stadion

Mat og drikke: Alle må ta med mat og drikke.

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

Ørsta IL friidrett har sidan 2012 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 6-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket