Friidrett i sommar

Ørsta IL friidrett sine treningstider følgjer skulekalenderen. Det er ikkje fellestreningar i skuleferien for dei som er 12 år og yngre. For dei som er 13 år og eldre er det program gjennom heile ferien. Oppstart etter skuleferien er 20. august.

2019-06-16
olve.oyehaug

For rekruttane (9 år og yngre) er siste trening før ferien tysdag 18. juni.

For 10-12 årsgruppa og gruppa for 13 år og eldre er siste trening torsdag 20. juni. 

Vi oppmodar alle i 10-12 årsgruppa om å trene godt også i sommar, med to økter kvar veke: Ei springeøkt (oppvarming, 2 gongar med 10 stk 60 m full fart og gå tilbake roleg, uttøying) og ein fjelltur, sykkeltur, symjetur eller liknande.

Vi sender epost med plan og informasjon om treningar i sommar for alle i gruppa 13 år og eldre.

Vi har friidrettsskule 12.-14. august for dei som er 7-12 år. Hugs å melde på i tide. Det bruker å vere rift om plassane.

Mange av dei eldste deltek på fleire friidrettsstemne i sommar. Vi oppdaterer nettsida og FB om resultata.

God sommar!

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket