Nesten 100 deltakarar på gateløpet

Heile 94 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 28. april. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Det var med løparar heilt ned i treårsalderen. Flott ver og rekorddeltaking skapte svært god stemning på stemnet.

2015-04-30
Ørsta Friidrett

gatelp2015_gruppebilde_300.jpg

- Dette er største deltaking på gateløpet på svært mange år, truleg største deltaking på gateløp i regi av Ørsta IL friidrett nokon gong, seier Elin Opsal, sportsleg leiar i Ørsta IL friidrett.

-Vi hadde venta rundt 50 påmelde. Her vart det rundt det doble, seier Elin Opsal. Ho er svært godt nøgd med frammøtet og dei gode resultata. Størst deltaking var det i dei yngste klassane, med 39 deltakarar i alderen 6 år og yngre.

Dei aller yngste sprang rundt 200 meter. Aldersgruppa 7-9 år sprang ei variert løype på rundt 350 meter. 10-12 årsgruppa sprang rundt 550 meter. Camilla Brekke Leikanger hadde også i år beste tid i den løypa med 1,47. Gruppa på 13 år og eldre sprang rundt 850 meter. Elias Hovden Nilsen hadde den beste tida der med 2,44. Løypene var varierte med underlag av asfalt, grus og gras.

torleiken på premien er avhengig av kor mange cupar ein har vore med på. Neste stemne i cupen er Ørstastafetten laurdag 9. mai.

Trykk her for resultatliste

Deltakarliste 6 år og yngre (utan tider)

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket