Vi er no klare for å ta i mot 45 barn på friidrettsskulen idrettsleikar i Ørsta! Også i år er det stor påmelding til friidrettsskulen.
Vi i Ørsta IL friidrett ser veldig fram til å vere saman med dykk på Idrettsleikar, og vi skal ha det kjempegøy med ulike aktivitetar. Vi skal til saman vere 45 barn i alderen 6-12 år og 9 leiarar.
Tid: Måndag 12. – onsdag 15. august 2018, kl 09.00 – 15.00
Hugs å ta med matpakke OG drikke til lunsjen.
Ta og med gode kle til å vere ute i, kle som høver til både regn og sol.
Ta også med drikkeflaske slik at barna har drikke medan dei trenar.
Stad: Idrettsbana i Ørsta - Ørsta stadion
Frammøte i innganspartiet på den nye Ørstahallen.
Epost med informasjon er sendt til alle som er påmelde.
Kalender
|