45 på friidrettsskulen Nestléleikane på Ørsta stadion

45 barn deltok på årets friidrettsskule Nestléleikane på Ørsta stadion 12.-14. august. Det var god stemning og innsats alle tre dagane. Instruktørar var ungdomar i alderen 15-19 som sjølve er aktive friidrettsutøvarar. 

 

2019-08-14
olve.oyehaug

Nestleleikane%202019-8-600.jpg

Deltakarane fekk prøve seg på eit stort utval av øvingar som spring, langt løp, lengdehopp, tresteg, høgdehopp, kule, spyd, slegge, diskos, liten ball, stafett og meir. Siste dagen var det eit uhøgtidleg stemne der alle fekk utdelt startnummer og fekk skrive resultata rett på startnummeret.

Både barna og foreldra var godt fornøgde med arrangementet. Avisene Møre og Møre Nytt skreiv flotte omtalar med gode bilete frå Nestléleikane.

Friidrettsgruppa har arrangert friidrettsskulen kvar sommar sidan 2013, og det har vore god deltaking kvart år. 

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket