Sesongavslutting for friidretten: 179 på cupen - Signe vann omvendt 5-kamp

Denne veka har det vore sesongavslutting for Ørsta IL friidrett. Tysdag 24. september var det premieutdeling for rekrutteringscupen. 

Torsdag 26. september var det omvendt 5-kamp for dei som er ni år og eldre. Signe Torvik Mork vann 5-kampen.

2019-09-26
olve.oyehaug

Det har vore 179 deltakarar frå Ørsta IL på rekrutteringscupen i år. Med andre ord er vi ein klubb med mange aktive utøvarar. Det var stor pokal til dei som har vore med på alle seks cupane, mellomstor pokal for 4-5 cupar, liten pokal for 2-3 cupar og medalje til dei som var med på ein cup. Etterpå var det mat og drikke til alle. Før premieutdelinga var det den årlege perndelstafetten superduper-stafett med over 100 deltakarar.

Signe vann omvendt 5-kamp
I omvendt 5-kamp, som trenar Erik Tønnessen innførte i Ørsta IL friidrett for mange år sidan konkurrerer ein i fem noko spesielle øvingar: 60 meter baklengs to gongar der målet er å ha minst differanse. Same prinsippet med minst differanse er det på kulestøyt med venstre og høgre hand, og lengdehopp med rotasjon mot venstre og mot høgre. Det er og 100 meter på idealtid, der det er om å gjere å kome nærast 25 sekund. Til slutt er det spydcup der to og to konkurrer om å kaste spyd og få det til å lande midt i ein rockering. Den med minst avstand til midten går vidare til neste nivå. Til slutt er det berre ein att. Alle aldersgrupper konkurrerer saman. Ofte er det dei yngste som gjer det best. Vinnar av omvendt 5-kamp var Signe Torvik Mork. 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket