Treningstider Ørsta IL friidrett vinter 2019-2020

Treningstidene for vintersesongen er no klare. Vintertreningane startar i november. 
Trykk "Les mer" for meir info.

Merk at det er nye tider denne vinteren, for å ha meir like tider med sommartreningane.

Vi ønskjer gamle og nye utøvarar velkomne.

2019-10-20
olve.oyehaug

For perioden 1. november 2019 til slutten av april 2020: 

Innetreningane er i Ørstahallen. Frammøte alle utetreningar på framsida av Ørstahallen. 

10-12 år

Tysdag
17.30 - 18.30 Spenst og styrke (inne) - Ørstahallen gymsal bane 1 (trenar Olve)
Torsdag
18.30 - 19.30 Løp og hopp (inne) - Ørstahallen løpebana (trenar Olve og Yngve)

13 år og eldre

Måndag
18.00 - 19.30 Langsprint (ute) frammøte utanfor Ørstahallen (kl 19.00-19.30 er det spenst)  (trenar Kari)
Tysdag
17.30 - 19.00 Spenst, styrke og hoppp (inne) - Ørstahallen løpebana og gymsal bane 1  (trenar Elin)
Torsdag
18.30 - 19.30 Kortsprint (ute) - frammøte utanfor Ørstahallen (trenar Kari) 
18.30 - 19.30 Mellom- og langdistanse (ute) frammøte utanfor Ørstahallen (trenar Elin)
19:30 - 20:30 Spenst og styrke (inne) gymsal bane 3 (trenar Elin)

Kasttreningar for 15 år og eldre etter avtale med trenar Svein-Egil

For dei som er 15 år og eldre vert det ein del individuelt tilpassa treningar som avvik frå oppsettet over. Trenaren avtalar dette med utøvarane. 

Det kan i tillegg verte nokre tilpassa treningar for aldersgruppa 13 år og eldre. Det avtalar trenar med utøvarane. 

2010-modellane vert rekna som 10-åringar f.o.m. no.
Treningar for dei som er 9 år (2011-modellar) og yngre startar opp att i slutten av april 2020.

Halltider i Ørstahallen

Friidrettsgruppa har følgjande tider i vintersesongen 2019-2020 i Ørstahallen:

Løpebane med hoppegrop
Tysdag kl 18:00 - 19:00
Torsdag kl 18.30 - 19:30

Gymsal (handballflate)
Tysdag kl 17:30 - 18:30 (bane 1)
Torsdag kl 19.30 - 20:30 (bane 3
 
Løpebane under tak
Denne er til fri disposisjon til alle grupper - ingen booking.

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket