Ein laginnsats i 2019 verdt ein plass i historiebøkene! Frå 2015 til 2018 har ØIL i gjennomsnitt henta heim rundt 18 467 Tyrvingpoeng i Kretsserien for gutar og jenter 10 - 19 år.
Men i 2019 kom det eit godt høgt hopp. Klubben sine (uoffisielle) tal for Kretsserien 2019 syner at klubben sine unge utøvarar som utgjorde årets 1.lag sanka saman gode 19 100 Tyrvingpoeng!
Vi må truleg mange år attende i tid for for finne ein poengsum over 19 000 poeng. Så årets laginnsats og poengsum kan vi godt skrive inn i historiebøkene.
Utrekning av poeng i Kretsserien: Det er "millimeterarbeid". Kortversjonen er sånn at dei 20 beste resultata etter ein bestemt fordelingsnøkkel mellom gutar - jenter, øvingar osv. vert gjort teljande. Til slutt er det kretsen som endelig godkjenner/vedtek poeng og plasseringar.
Så med naudsynte atterhald: ØIL sitt 1. lag i Kretsserien 2019 for gutar og jenter 10 - 19 år er registrert med 10 resultat gutar og 10 resultat jenter i alderen frå 10 - 18 år. Dei sanka tilsaman 19 100 Tyrvingpoeng (snitt 955 poeng pr øving - veldig bra) og har notert klubbhistorie.
Legg vi så til at 10 av dei 20 beste resultata var satt av utøvarar i alderen 10 - 12 år så tenker eg at det er grunnlag for mange høge poengsummar i åra som kjem.
Kalender
|