Stor stemning og godt frammøte på 900-poengsfesten

45 utøvarar og foreldre samla seg på den årlege 900-poengsfesten i klubblokala for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengfat.

2020-02-25
olve.oyehaug

Det var ikkje mindre enn 17 utøvarar som fekk så gode resultat i 2019 at dei oppnådde over 900 poeng på Tyrving-tabellen. Dette er det høgste tal på 900-poengarar vi kan hugse har vore i klubben.

Når ein oppnår 900 eller fleire poeng er ein i toppen på krinsnivå. Er ein over 1000 poeng så er ein i landstoppen. Får ein over 1100 poeng så er ein på internasjonalt nivå. Også i år var det Anna Hjellen Haugland som hadde høgste poengsum. Ho oppnådde 1070 poeng for sleggekastet på 49,78 meter. Dette var med 3 kg slegge.

Godt frammøte på treningane skaper miljø. Dei tre med mest frammøte i kvar av aldersgruppene 10-12 år og 13 år og eldre fekk premie for frammøte. I 10-12 årsklassen var det Ramona Magdalena Ose som hadde mest frammøte med 51 treningar. I klassen 13 år og eldre var det Filip Hoggen som hadde mest frammøte med 80 treningar.

900-p-fat%20%u2013%20600.jpg

Bak f.v.: Elias Hovden Nilsen, Sigrid Vartdal, Anna Hjellen Haugland, Johannes Eiksund, Rasmus Nymark og Jonatan Hovden Ryste.
Framme f.v.: Liam Digernes Merheb, Oskar Mjelva Straume, Håvard Bernseter Keilen, Aron Bjørdal Berg, Elise Aarflot, Maria Mjelva Straume, Madeleine Kristoffersen og Julie Hovden Ryste

900-p-framm%F8te%20%u2013%20600.jpg

Frammøtevinnarane: Bak f.v.: Elise Aarflot, Arnstein Nikolai Ose og Filip Hoggen. Framme f.v.: Linnea Nupen Aarskog, Pia Flatjord Tofteland og Ramona Magdalena Ose.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket