Treningsstemne spyd - koronareglar - torsdag 28. mai kl 19

Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne spyd på Ørsta stadion torsdag 28. mai kl 19.00.

Siste frist for påmelding vert onsdag 27. mai kl 23:59. Påmelding på MinIdrett (minidrett.no). 
Det vert ikkje opna for etterpåmelding på stemnedagen. Dette for at arrangør skal ha kontroll på smittevern.  

Stemnet vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og tilrådingar, og gjeldande retningslinjer frå NFIF for arrangering av stemne.

Alle som deltek må vere friske og må kjenne til gjeldande smittevernsreglar. Alle utøvarar og/eller føresette skal ha sett seg inn i reglane: https://www.friidrett.no/nyheter/nfif-sine-retningslinjer-for-konkurranser/

Tal på deltakarar er avgrensa til maks 10 stk for å ha kapasiet til å gjennomføre stemnet i tråd med gjeldande smittevernsreglar. 

Vi oppmodar alle utøvarane om å ta med og å bruke kun eige spyd. Spyd må desinfiserast før og etter stemnet.

Vi oppmodar alle utøvarane om å ta med eige desinfeksjonsutstyr.

 

2020-05-23
olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket