Treningsstemne løp - koronareglar - torsdag 4. juni kl 18 - PÅMELDING SEINAST 3. JUNI

Ørsta IL friidrett arrangerer treningsstemne løp torsdag 4. juni kl 18 på Ørsta stadion.

Førebels tidsskjema: Tidsskjema treningsstemne løp 4. juni 2020 1.pdf

Startlister: Startliste treningsstemne løp 4. juni 2020.pdf

 

Førebels tidsskjema-oversikt:

Ca kl 18:00: 100 m (dei yngste startar først)

Ca kl 18:35: 200 m (dei yngste startar først)

Ca kl 19:10: 400 m

Ca kl 19:15: 800 m

 

Viktige punkt:

* PÅMELDING SEINAST 3. JUNIminidrett.no

* Aldersgrupper: 10 år og eldre

* Maks tal på deltakarar og publikum til saman er 50 stk. Vi kan derfor ikkje garantere plass til alle utøvarar som ønskjer å delta.

* Ønskje om å vere publikum? PUBLIKUM MÅ OGSÅ SENDE PÅMELDING  (seinast 3. juni) på epost til orstail.friidrett@gmail.com Det er ikkje sikkert at det vert høve til å vere der for alle publikummar p.g.a. tak på 50 stk. Sjå derfor svar på epost etter 3. juni om publikumpåmelding.

* Vi opnar ikkje opp for etterpåmelding på arrangenmentsdagen.

* Alle som møter må vere friske og må følgje gjeldande smittevernsreglar.

Stemnet vert gjennomført etter gjeldande smittevernsreglar i samband med covid 19-pandemien. Alle som deltek (og føresette) må ha sett seg inn gjeldande smittevernsreglar: https://www.friidrett.no/contentassets/723a174bc50d4bee98c52e5d5ed6540e/gjeldende-retningslinjer-etter-27.5.pdf før dei melder seg på stemnet.

Øvingar:

* 100 m (10 år og eldre)

* 200 m (10 år og eldre)

* 400 m (14 år og eldre)

* 800 m (14 år og eldre)

Oppmøte seinast kl 17.30 for både utøvarar og evt publikum.

Funksjonærar møter kl 17.

Deltaking er gratis.

2020-05-30
olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket