Elias Hovden Nilsen sette banerekord i spyd

Torsdag 28. mai sette Elias Hovden Nilsen ny banerekord i spydkast på Ørsta stadion med gode 56,87 m.
Den gamle rekorden 54,88 m overlevde fram til tordag kveld alle "angrep" sidan 1995. Nye banerekordar er så visst ikkje kvardagskost og skal heller ikkje vere det. Dei skal henge høgt.
Ser vi på dei øvrige banerekordane i kast så er kulerekorden 17,09 m frå 1963, diskosrekorden er 53,84 m frå 1984, sleggerekorden er 62,66 m frå 1972, spydrekorden med den gamle spydtypen er 74,48 m frå 1984. Alle desse rekordane er sette av kastarar med store merittar. Så Elias er i særs godt selskap på banerekordlista.
Thea kasta også i går kveld. Debuterte med 600 gr spydet. Det gjorde ho fin-fint. Thea kasta 24,42 m og er no klubbens 10. beste kvinne i spydkast gjennom alle tider!

2020-05-31
olve.oyehaug

Treningsstemne%2028%20mai%202020%20Banerekord%20Elias%20%u2013%20600.jpg

Treningsstemne%2028%20mai%202020%20Thea%20og%20Elias%20%u2013%20600.jpg

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket