Rekordkveld på treningsstemnet 4. juni

Treningsstemnet på Ørsta stadion i kveld vart rekordenes aften. Det vart sett 33 nye flotte personlege rekordar (PR), 5 nye klubbrekordar, to topp-10 resultat i Ørsta IL for menn gjennom alle tider og to resultat over 900 Tyrvingpoeng. Dette var ei strålande sesongopning på stadion!

Nye klubbrekordar til:

Madelene Almestad Kristiansen (J10) 16,22 på 100 m.

Pia Flatjord Tofteland (J11) 15,85 på 100 m.

Julie Hovden Ryste (J12) 14,84 på 100 m

Jonatan Hovden Ryste (G12) 14,72 på 100 m.

Johannes Eiksund (G17) 23,56 på 200 m (952 Tyrvingpoeng). Dette er ny PR og klubbens 3. raskaste 200 m for menn gjennom alle tider! I ein svært spennande spurtduell frå start til mål med Sondre Johannes Espelid frå Dimna IL var det Johannes som vart først over målstreken. Begge sette PR.

På 100 m sette Johannes ny PR utandørs på 11,74 (959 Tyrvingpoeng) og han er no klubbens 5. raskaste mann på 100 m gjennom alle tider.

Så legg vi igjen merke til Jenny Hermine Bjørneset (J14) med ny PR på 800 m med tida 2,39,14. På dagen for eit år sidan sprang ho 800 m på 3,06,75. Så her snakkar vi om framgang med store bokstavar.

Filip Hoggen (G16) har også noko på gang på 800 m. I dag 2,16,67 som er mindre enn 2 sek bak PR.

Trykk her for resultatliste

26 utøvarar deltok på stemnet som var det første løpsstemnet Ørsta IL friidrett har arrangert i år. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar i samband med covid 19-pandemien.

 

2020-06-04
olve.oyehaug

Johannes%20Sondre%20og%20Lovise.JPG

Johannes Eiksund (G17), Sondre Johannes Espelid (G17) frå Dimna IL og Lovise Skarbøvik Andresen (J16) frå Ålesund FIK på 200 m.

Aron%20og%20Pia.JPG

Aron Bjørdal Berg (G11) og Pia Flatjord Tofteland (J11) i god fart på 200 m.

Jonatan%20og%20Julie%20og%20Linnea.JPG

Jonatan Hovden Ryste (G12), Julie Hovden Ryste (J12) sette begge klubbrekord på 100 m. Her spurtar dei saman med Linnea Høydalsnes Nes mot mål på 200 m.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket