Elias Hovden Nilsen og Andrine Hjellen Haugland frå Ørsta IL friidrett tok begge sølv på BULs og Tjalves stevneserie på Bislett del 2 søndag 14. juni. Det står stor respekt av at to spydkastarar frå Ørsta IL friidrett kvitterte ut kvar sin andreplass og kvart sitt sesongbesteresultat!
I klassen kvinner senior vart Andrine nr. 2 med 47,90 m. Dette er ny sesongbeste (før i år 46,70 m). Elias Hovden Nilsen kasta i klassen menn senior og vart nr 2 med 60,64 m og ny sesongbeste (før i år 56,87 m) og 972 Tyrvingpoeng.
Stemnet vart arrangert av BUL og Tjalve på Bislett under streng oppfølging av smittevernsreglar i samband med korona-pandemien.
Opptak av stemnet ligg på Facebook: https://www.facebook.com/watch/live/?v=379232086373776&external_log_id=154de189-0115-46dd-ab2d-af9999b1ce0b
I klassen kvinner senior vart Andrine nr. 2 med 47,90 m. Dette er ny sesongbeste (før i år 46,70 m). (Bilete frå Jr NM i 2019)
Elias Hovden Nilsen kasta i klassen menn senior og vart nr 2 med 60,64 m og ny sesongbeste (før i år 56,87 m) og 972 Tyrvingpoeng. (Bilete frå Jr NM i 2019)
Kalender
|