Friidrettsskulen Nestle-leikane 2020

Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettsskulen Nestle-leikane på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2020. Det er kvart år rift om plassane, så ver raske med å melde på.

Nestle-leikane er eit lokalt tilbod til barn i alderen 7-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På Nestle-leikane skal barn få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.
 
Nestle-leikane er eit samarbeid mellom friidrettsklubbar, Norges Friidrettsforbund og Nestle. 

Det er plass til 60 barn på friidrettsskulen Nestle-leikane.

Smittevern i samband med covid 19-pandemien: Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernsreglar frå myndigheitene og frå friidrettsforbundet. Friidrettsforbundet har utarbeidd ein eigen veiledar for smittevern på Nestle-leikane. Denne vert brukt gjennom heile arrangementet.

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.

Alder: 7-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 10. august - onsdag 12. august, klokka 9-15.

Stad: Ørsta stadion

Påmeldingsfrist: 2. august 2020 kl 20.00

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: T-skjorte

Antal: 60 deltakarar

Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta2020

Oppmøtestad: På friidrettsbana på Ørsta stadion

Mat og drikke: Alle må ta med mat og drikke.

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe barna på deira eigne premissar.

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

Ørsta IL friidrett har sidan 2012 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 7-12 år. Det har så godt som alle år vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.

 

2020-06-25
olve.oyehaug

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket