Johannes tok to nye klubbrekordar på Veidekke-sprinten

Ørstas raskaste mann, Johannes Eiksund er i storform! I helga sette han to klubbrekordar og tre personlege rekordar på Veidekke-sprinten på Lillehammer.

På laurdagen sprang han 60 m på 7,26 og 150 m på 17,01, med godkjent vind. Begge resultata er klubbrekordar (elektronisk tid). Søndagen spurta han inn til ny personleg rekord på 200 m med gode 23,50 i godkjent vind. Johannes er no den tredje raskaste nokon gong i klubbens historie på 200 m (elektroniske tider). Han sprang 100 m på gode 11,43, men med for sterk vind, 3,1 m/s, for å få godkjent resultat. 

Det står stor respekt av å gjennomføre fire så gode løp på to dagar.

No gjer Johannes seg klar til å delta på Boysen Memorial på Bislett tysdag 30. juni, saman med klubbkamerat og spydkastar Elias Hovden Nilsen.

Veidekke-sprinten samla mange av dei raskaste sprinterane i landet. Stemnet vart arrangert av Lillehammer Idrettsforening laurdag 27. juni og søndag 28. juni på Stampesletta på Lillehammer.

Resultat frå stemnet finn ein på: lillehammerif.no

 

2020-06-28
olve.oyehaug

Johannes%20Eiksund%20-%20Veidekke-sprinten%202021.jpg

Ørstas raskaste mann, Johannes Eiksund er i storform! I helga sette han to klubbrekordar og tre personlege rekordar på Veidekke-sprinten på Stampesletta på Lillehammer.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket