Ørstaleikane laurdag 22. august - tidsskjema, klubb- og startlister klare

Ørsta IL friidrett inviterer til Ørstaleikane på Ørsta stadion laurdag 22. august 2020.

Klubbliste og startliste er klare (oppdatert torsdag ettermiddag kl 17). Tidsskjema er og klart no.

Trykk på linkane under for å opne listene.

Tidsskjema Ørstaleikane 2020

Klubbliste Ørstaleikane 2020 (pr torsdag)

Startliste Ørstaleikane 2020 (pr torsdag)

Meld frå snarast til arrangør om de finn manglar eller feil.

 

Påmeldingsfrist var tysdag 18. august.

Vi har endeleg høve til å opne også for 8-9 åringar. Stemnet er for aldersgruppene frå 8 år til senior.

Stemnet vert arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Publikum som ønskjer å vere til stades må søke arrangør om plass. Alle som er på stemnet skal følge gjeldande smittevernsreglar. 

Grunnreglar:

Sjuke personar skal halde seg heime

God hand- og hostehygiene og forsterka reinhold

Halde minst ein meters avstand og redusere kontakt mellom personar

Stemnet vert delt i to: Først rekruttane kl 11. Deretter 10 år og eldre kl 12. 

Sjå invitasjonen for meir informasjon: Trykk her for å opne innbyding Ørstaleikane 2020 Ørsta IL friidrett

Vi treng mange funksjonærar. Ta gjerne kontakt om du kan bidra.

Vi har lagt til tilleggsøvingar: Høgde for G/J 13-17, Slegge G/J 11-15, Diskos G/J 11-15,  Spyd G/J 15.

2020-08-05
olve.oyehaug

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket