Elias Hovden Nilsen tok sølvmedalje i klassen U20 Menn Spyd med 62,39 meter i junior NM i Kristiansand. Det var spenning heilt til siste kast. Elias hadde leiinga etter fem omgangar men vart passert av Daniel Thrana frå Kristiansands IF i sjette og siste omgang. Det var tett i toppen med fire utøvarar som kasta over 60 meter. No har Elias både sølv og gull (i fjor) frå junior NM i friidrett.
Andrine Hjellen Haugland gjentok suksessen frå i for og tok sitt andre sølv i spyd i junior NM. Det vart tøff kamp om andreplassen i klassen U23 Kvinner Spyd. Allereie etter første omgang låg Andrine på andreplass, men auka solid i siste kast då ho fekk opp 41,05 meter og sikra sølvet.
Anna Hjellen Haugland er Ørsta IL friidrett sitt store sleggetalent. Ho kasta slegga 42,37 meter, berre ein meter bak personleg rekord. Med det kastet sikra ho seg 4. plass i klassen U20 Kvinner Slegge.
Ørsta IL friidrett har no ei solid kastgruppe der tre av utøvarane hevdar seg i toppen på nasjonalt juniornivå. Klubben er godt nøgde med resultata av den målretta satsinga på kast.
Junior NM vart arrangert i Kristiansand i helga 14.-16. august i tråd med gjeldande smitteversnreglar.
Elias Hovden Nilsen tok sølv i spyd i Jr NM.
Andrine Hjellen Haugland tok sølv i spyd i Jr NM.
Anna Hjellen Haugland tok 4. plass i slegge i Jr NM.
Anna Hjellen Haugland tok 4. plass i slegge i Jr NM
Ørsta IL friidrett sine utøvarar på Jr NM i Kristiansand: Andrine Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen og Anna Hjellen Haugland.
Kalender
|