Over 90 utøvarar stilte til start på årets Ørstaleikar på Ørsta stadion 22. august. Utøvarane var i alderen 8-17 år. Det var stor idrettsglede trass noko regn. Det har vore få stemne denne sesongen og utøvarane sette stor pris på å kunne få konkurrere igjen.
Dei argaste resultata på stemnet var:
Leif Magnus Grov Husevåg (G15), IL Brodd, kasta slegga 55,80 meter og fekk 1058 poeng på Tyrvingtabellen.
Lovise Skarbøvik Andresen (J16), Ålesund FIK, sprang 100 meter på 12,56 sek og fekk 1030 poeng.
Mathea Svalheim (J13), Sandane Turn og Idrettslag, sprang 60 meter hekk på 9,97 sek og fekk 1024 poeng.
Ruben Aleksander Eide Gjerde (G15), Olden IL, sprang 100 meter på 11,84 sek, og fekk 1018 poeng.
Sondre Johannes Espelid (G17), Dimna IL, sprang 100 m på 11,51 sek og fekk 998 poeng.
Resultat som gir over 1000 poeng på Tyrving tabellen er resultat på nasjonalt toppnivå.
P.g.a. koronapandemien var stemnet redusert både med varigheit, tal på øvingar og aldersgrupper. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Mellom anna vart stemnet delt i to der dei yngste var i første pulje, og dei eldre i neste pulje.
Trykk her for resultatliste Ørstaleikane 2020
Det kjem omtalar i Møre og Møre Nytt.
Kalender
|