Maria Mjelva Straume (J15) tok sølv på 800 meter på sitt første UM med gode 2,20,87 og 964 Tyrvingpoeng. Sølvmedalje på 800 m er lik eit nasjonalt gjennombrot på mellomdistanse. Tida er også klubbens 3. raskaste 800 m for kvinner gjennom alle tider og ny klubbrekord på 800 m J15. Den gamle J15 rekorden på 800 m var 2,22,31 frå 2003.
Thea Nilsen (J15) tok 7. plass i diskos 0,75 kg med 27,70 meter og 7. plass i spyd 500 gr. med 29,26 meter. To finaleplasseringar i meisterskapsdebuten er ein flott prestasjon. Begge resultata er tett opp mot personleg rekord.
Sprint i aldersklassen G17 i Norge held eit høgt nivå i år. Her er det mange som spring veldig fort og Johannes Eiksund er ein av dei. Han tok seg nesten til finale på 100 m. Litt motvind og 11,58 sek på 100 gav 9. plass og 986 Tyrvingpoeng. Han sprang 200 meter på 23,46. Det er raskare enn personleg rekord (23,50). Men med medvind på 2,2 m/s så vart ikkje resultatet godkjent som ny personleg rekord. Johannes har igjen vist at han held høgt nasjonalt nivå.
UM (Ungdomsmeisterskap) er norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15 år og eldre. UM vart arrangert på Jessheim 28.-30. august. Mange deltakarar frå Møre og Romsdal deltok. I år var arrangementet avgrensa til aldersklassane 15-17 år p.g.a. koronapandemien.
Samtidig som UM pågjekk deltok Elias Hovden Nilsen på Bøkeskoglekene i Larvik. Der sette han ny personleg rekod i spyd med 64,06 meter (før 63,51 m) og ny klubbrekord menn junior og menn senior. 1020 Tyrvingpoeng vart det også med heim.
Maria Mjelva Straume (J15) tok sølv på 800 meter på sitt første UM med gode 2,20,87 og 964 Tyrvingpoeng.
Thea Nilsen (J15) tok 7. plass i diskos 0,75 kg med 27,70 meter og 7. plass i spyd 500 gr. med 29,26 meter.
Johannes Eiksund (G17) sprang 11,58 sek i litt motvind på 100 tok 9. plass og 986 Tyrvingpoeng.
Kalender
|