Lerøy-leikane i Trondheim: Ørsta IL friidrett stiller med fire utøvarar på Lerøy-leikane i Trondheim denne helga. Lerøy-leikane er ein sosial og spennande lagkamp mellom friidrettskretsane. Det vert konkurrert i eit breidt utval av øvingar.
Elise Aarflot, Jenny Hermine Bjørneset, Isak Vindfjell og Håvard Bernseter Keilen frå Ørsta IL friidrett kvalifiserte seg til å representere Møre og Romsdal friidrettskrets.
Du finn info og m.a. live-stream via linkane under.
Nettside for stemnet: https://www.friidrett.no/barn-og-ungdom/leroy-lekene/midt-og-nord-norge/
Facebook-link til stemneinfo: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge
Programbladet for stemnet: https://www.friidrett.no/globalassets/barn-og-ungdom/ungdomslekene/midt--og-nord-norge/program-leroy-lekene-midt-og-nord-norge-2020-komprimert.pdf
Stemnet vert i tråd med gjeldande smittevernreglar. Det gjer at arrangementet vert noko annleis enn tidlegare år, med mellom anna ekstra god handhygiene, krav til avstand og andre tiltak.
Lerøy-leikane vert ofte kalla eit "uoffisielt NM for 13- og 14-åringar". Landet vert delt inn i tre regionar, og det er tre arrangement samtidig, eitt i sør, eitt i vest og eitt i midt/nord. Det er ein konkurranse mellom friidrettskretsane i landet. Kretsen med høgst samla poengsum vinn. Møre og Romsdal har vunne konkurransen i mange år.
Kalender
|