Ørsta var med på å ta andreplassen i kretskampen på Lerøy-leikane

Møre og Romsdal sitt friidrettslag tok andreplassen på Lerøy-leikane i Trondheim i helga. Sør-Trøndelag vann solid med 394 poeng, Møre og Romsdal hadde 313 poeng og Nord-Trøndelag tok tredjeplassen med 294 poeng. Det var ein spennande kamp, og berre nokre få poeng ned til 4. og 5. plass.

Lerøy-leikane er ein lagkamp der friidrettskretsane konkurrerer om å få flest poeng. Resultata frå Ørsta IL friidrett sine utøvarar som hadde kvalifisert seg til lagkampen var viktige for resultatet.

Isak Vindfjell (G13) tok sølv på 60 m med tida 8,26. Dette er ny personleg rekord (PR) og gav 929 Tyrvingpoeng. Han tok bronse i lengde med ny PR 4,65 m, og bronse på 200 m med ny PR 27,45. Han tok og 5. plass i tresteg.

Håvard Bernseter Keilen (G13) tok to gode 4. plassar. Den eine var i kule 3 kg med 8,42 m og ny PR. Den andre var i spyd 400 gr med 25,86 m og ny PR. Han hoppa 1,26 m i høgde og sette ny PR (før 1,20 m) og vart nr 5. 

Jenny Hermine Bjørneset (J14) sette ny PR i slegge 3 kg (119,5) med 12,71 m og vart nr 6. Ho tok 9. plass i diskos 0,75 kg etter å ha kasta diskosen ut til 12,56 m og ny PR. Ho tok og 9. plassen på 600 m.

Elise Aarflot (J14) tok seg til finalen på 60 m og kom i mål til ein 7. plass på 8,66. Ho sette ny sesongbeste 29,65 på 200 m og vart nr 8. Ho hoppa 8,74 m i tresteg og vart nr 11 der.

Resultata ligg på: https://webres2.andro.no/ungdomelekene/2020/trondheim/?fbclid=IwAR2E9DM5cReZITzWVxscBJhiUiWXU0iG9XM-b9LtKRI3FTmJMNbskkb3DXU

Nettside for stemnet: https://www.friidrett.no/barn-og-ungdom/leroy-lekene/midt-og-nord-norge/

Facebook-link til stemneinfo: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge

Programbladet for stemnet: https://www.friidrett.no/globalassets/barn-og-ungdom/ungdomslekene/midt--og-nord-norge/program-leroy-lekene-midt-og-nord-norge-2020-komprimert.pdf

Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernreglar. Det gjorde at arrangementet vert noko annleis enn tidlegare år, med mellom anna ekstra god handhygiene, krav til avstand og andre tiltak.

Lerøy-lekene 2020 for Midt- og Nord-Norge samla kretsane i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark og vert av mange rekna som årets store hending for landets 13- og 14-årige friidrettsutøvarar. Lerøy-leikane samlar 7-800 jenter og gutar på tre stader i landet. 

2020-09-06
olve.oyehaug

Ler%F8y%202020%20-%20Isak.JPG

Isak Vindfjell (G13) tok søkv på 60 m og bronse på både 200 m og i lengde.

Ler%F8y%202020%20-%20H%E5vard.JPG

Håvard Bernseter Keilen (G13) tok 4. plass i kule 3 kg med 8,42 m og ny pers.

 

Ler%F8y%202020%20-%20gruppe.JPG

Ørsta IL friidrett sine utøvarar på Lerøyleikane: Elise Aarflot, Isak Vindfjell, Jenny Hermine Bjørneset og Håvard Bernseter Keilen.

 

 

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket