Sju unge utøvarar frå Ørsta IL friidrett viste stor framgang og god førjulsform under dagens Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen. Dei kunne reise heim med 12 medaljar, 12 nye personlege rekordar innandørs, 9 nye klubb/aldersrekordar innandørs og 5 resultat over 900 Tyrvingpoeng.
Pia Flatjord Tofteland tok eitt gull og to sølv og sette tre nye klubbrekordar J11: 60 m på 9,10 sek og 932 Tyrvingpoeng, 200 m på 30,44 sek og 942 Tyrvingpoeng, og lengde med 4,23 m og 974 Tyrvingpoeng.
Julie Hovden Ryste vann alt ho deltok i og tok heim tre nye klubbrekordar J12: 60 m på 9,07 m, 200 m på 30,78 sek, og lengde med 4,44 m og 945 Tyrvingpoeng.
Jonatan Hovden Ryste vann begge løpa han deltok i og tok sølv i lengde. Han sette og tre nye klubbrekordar G12: 60 m på 8,82 sek, 200 m på 28,70 sek som gav 906 Tyrvingpoeng. I lengde hoppa han 4,24 m.
Rasmus Nymark (G12) var berre 2/100 bak pers på 60 m. Han deltok og i lengde.
Isak Arneson Lothe (G12) viste god framgang og sette personleg rekord i alle tre øvingane han deltok i.
Elise Aarflot (J14) tok bronse i lengde med 4,47. Ho to 4. plass på 60 m, berre 2/100 bak bronse.
Filip Hoggen (G16) sprang 400 m på 57,95 sek og tok gull. Dette er den tredje beste tida hans på 400 m. Han vann og lengde med 5,18 m.
Stemnet var arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Både deltaking og utval av øvingar måtte reduserast samanlikna med tidlegare stemne. Arrangør var Dimna IL. Resultatliste finn de på Dimna IL sine nettside. Trykk på linken under for resultat:
Pia Flatjord Tofteland (J11) hoppa 4,23 m i lengde og fekk 974 Tyrvingpoeng.
Isak Arneson Lothe (G12) viste god framgang og sette personleg rekord i alle tre øvingane han deltok i.
Isak Arneson Lothe, Jonatan Hovden Ryste og Rasmus Nymark i klasseg G12 viste god framgang.
Julie Hovden Ryste (J12) vann alle øvingane ho deltok i. I lengde hoppa ho 4,44 m og fekk 945 Tyrvingpoeng.
Kalender
|