Åse Øyehaug og Sigrid Vartdal er nye trenarar for Ørsta IL friidrett. Trass ung alder har dei til saman rundt 25 år erfaring med friidrett. Begge har konkurrert i friidrett på nasjonalt nivå og delteke i meisterskap og mange store stemne. Dei har og i mange år vore leiarar på den årlege friidrettsskulen i august.
Åse og Sigrid har fått ansvar for spenst, styrke og teknikk for gruppa 13 år og eldre. Friidrettsgruppa og utøvarane set stor pris på dei nye trenarane.
Kalender
|