Fullt på DNB idrettsleikar

Det er fullteikna på DNB idrettsleikar 10.-12. august på Ørsta stadion.

2015-08-01
Olve Øyehaug

Det er 61 deltakarar på friidrettsskulen. Vi ser fram til tre flotte friidrettsdagar. Informasjonsepost er sendt ut til dei påmelde.

Ørsta IL friidrett arrangerer DNB idrettsleikar på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2015.

DNB Idrettsleikar er eit lokalt tilbod til born i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På DNB Idrettsleikar skal born få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede. 

DNB Idrettsleikar er i regi av Norges Friidrettsforbund, og saman med DNB er det utvikla eit spennande konsept. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere DNB Idrettsleikar. 

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid. 

Alder: 6-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 10. august - onsdag 12. august, klokka 9-15.

Påmeldingsfrist: 24. juli

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: Ryggsekk, teknisk t-skjorte, drikkeflaske m.m.

Antal: 60 deltakarar

Påmelding på: http://www.deltager.no/DNBIdrettsleker/orsta2015

Meld deg på allereie no, det er avgrensa med plassar. Det vert truleg stor rift om plassane i år. I fjor var det ventelister.

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar. 

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

 

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket