Madelene Almestad (J11) fekk 1008 Tyrvingpoeng etter å ha sett ny sterk personleg rekord i kule 2 kg med resultatet 9,09 m (før 6,88 m). Dette er ny klubbrekord J11 i kule 2 kg! Ho sprang også 200 m på 32,02 (før 32,05) som er både ny pers rek og ny klubbrekord J11. Ho hoppa 3,89 i lengde, noko bak pers men det heldt godt til gull. Dermed kunne Madelene reise heim med tre gull.
Ørsta IL friidrett stilte med ni unge og spreke utøvarar på Akslaleikane i Ålesund.
Pia Flatjord Tofteland (J12) hoppa 4,46 m i lengde (sone) og tok heim 949 Tyrvingpoeng. Vidare ein solid pers rek med 2 kg kula 8,42 m (før 7,19 m). Ho sprang og ein god 200 m på 30,11. Også Pia reiste heim med tre gull.
Jonatan Hovden Ryste (G13) er i storform. Han fekk 933 Tyrvingpoeng etter å ha satt ny pers rek 4,47,52 (før 4,48,87) på 1500 m. Han tangerte pers rek 32,96 på 200 m hekk (68,0).
Ragne Øyehaug (J11) tok med seg heim tre sølvmedaljar og ny pers i kule med 5,45 m.
Lea Johanne Skotte (J11) tok sølv på 200 m og hoppa godt i lengde.
Lotta og Peter Flatjord Tofteland (J8 og G8) er to unge multitalent. Dei får imponerande resultat i ei stor breidde friidrettsøvingar og i andre idrettar.
Håkon Jarl Skotte (G9) er allsidig i tillegg til å vere svært rask. Han fekk gode resultat i løp, lengde og liten ball. 60 meteren sprang han på 9-talet!
Det vart sett seks nye personlege rekordar i Ørsta IL friidrett på Aksla stadion i dag!
Ålesund friidrettsklubb arrangerte det tradisjonelle Akslaleikane på Aksla stadion søndag 22. august i strålande sol og lite vind. Det var deltaking frå mange av klubbane i fylket.
Madelene Almestad sette klubbrekord i kule J11 med 9,09 m.
Jonatan Hovden Ryste (G13) sette pers på 1500 m med tida 4,47,52.
Lea Johanne Skotte og Madelene Almestad tok sølv og gull på 200 m i klassen J11.
Ragne Øyehaug tok tre sølv i klassen J11.
Pia Flatjord Tofteland (J12) vann alt ho deltok i. Ho var den ørstingen som hoppa lengst på stemnet med 4,46 m.
Kalender
|