Jonatan og Noah slo klubbrekordar som har stått sidan 80-talet!

Ei stor friidrettshelg for Ørsta IL friidrett er over. Ørsta sine fire utøvarar på krinslaget for 13- og 14-åringar var fleire turar på premiepallen på krinskampen Lerøy-leikane i Måndalen. Møre og Romsdal tok 3. plass på i år - tett bak Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane Friidrettskrins. Det vart fleire klubbrekordar og sterke prestasjonar av ØIL Friidrett sine unge og lovande utøvarar. 

Jonatan Hovden Ryste (G13) vann 200 m hekk og sette ny personleg rekord (PR) 30,98 (før 32,96). 1013 Tyrvingpoeng. Han vann 200 m hekk og sette ny PR 30,98 (før 32,96). 1013 Tyrvingpoeng. På 1500 m sette han ny PR 4,41,27 (før 4,47,52). 977 Tyrvingpoeng. 4,41,27 er også ny klubbrekord G13. Den tidlegare rekorden var frå 1987. Prestasjonen gav sølvmedalje. Han sette i forsøket på 60 m hekk (76,2) ny PR 9,79 (før 10,25) og ny klubbrekord G13. 1002 Tyrving vart det og. I finalen tok han heim sigeren. Så heldt Jonatan fram med sølv på 600 m. Ny PR 1,35,49 (før 1,45,52) og ny klubbrekord G13. 974 Tyrvingpoeng.

Noah Digernes Merheb (G14) er framleis i storform. Han vann 200 m med ny PR 25,44 (før 25,48). Ny klubbrekord G14. 945 Tyrvingpoeng. Han tok tredjeplass på 600 m. Ny PR 1,31,88 (før 1,49,40). Ny klubbrekord G14. 977 Tyrvingpoeng. Noah sprang for første gong under 8 sek på 60 m. 7,99 i forsøket og ny PR (før 8,11). 935 Tyrvingpoeng. Så vann han finalen på 8,05. Når ein spring kort og fort kan ein like godt fortsette med å springe langt og fort. På 1500 m tok han heim 5. plassen etter å ha satt ny PR 4,35,42 (før 4,46,55). 948 Tyrvingpoeng. 4,35,42 er også ny klubbrekord G14. Den tidlegare rekorden var frå 1989.

Julie Hovden Ryste (J13) vann 200 m hekk (68,0) og satte ny PR 34,29 (før 35,26). 905 Tyrvingpoeng.J13. Julie vann lengde (sone) etter eit hopp på 4,57 m! 909 Tyrvingpoeng.

Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13) vart nr. 4 i finalen på 60 m med tida 8,98. Linnea sette ein flott ny PR på 60 m hekk (76,2) på tida 12,17 (før 13,36).

Lerøylekene er høgepunktet gjennom friidrettssesongen for alle 13 og 14 år gamle friidrettsutøvarar over heile landet, kvart einaste år. Lerøy-leikane vert ofte kalla eit "uoffisielt NM for 13- og 14-åringar". Landet vert delt inn i tre regionar, og det er tre arrangement samtidig, eitt i sør, eitt i vest og eitt i midt/nord. Arrangør i Midt- og Nord-Norge var i år Måndalen IL.

På Karabinlekene på Fana stadion i Bergen vant Eva Mundal Melle (J13) 60 m. Ny PR 8,64. (før 8,72) og 935 Tyrvingpoeng. Eva er etter denne 60 m no klubbens 9. raskaste kvinne på distansen gjennom alle tider. Så når ein er i topp-1-slag så kan ein likegodt doble med å vinne 100 m og sette ny PR 14,07 (før 14,52). På toppen av det heile så vann ho 80 m på tida 11,35 og ny PR.

I Kristiansand har det vore NM-helg for seniorane. Elias Hovden Nilsen kasta 800 gr spydet 56,69 m og vart nr 11.

2021-09-12
olve.oyehaug

Ler%F8y-leikane%2021%20-%20%D8rsta%20sine%204.jpg

Ørsta IL friidrett sine fire utøvarar på krinslaget: Noah Digernes Merheb, Jonatan Hovden Ryste, Linnea Anine Høydalsnes Nes og Julie Hovden Ryste.

Ler%F8y-leikane%2021%20-%20Jonatan_1.jpg

Jonatan Hovden Ryste sprang inn til klubbrekord på 1500 m på 4,41,27. Den gamle rekorden var frå 1987.Ler%F8y-leikane%2021%20-%20lagbilde.jpg

Møre og Romsdal til krinslag for 13- og 14-åringar tok 3. plass på årets Lerøy-leikane i Måndalen. (Foto: Norsk Friidrett Møre og Romsdal)

Ler%F8y-leikane%2021%20-%20poeng.jpg

Poengsum etter to dagar med krinskamp. (Foto: Norsk Friidrett Møre og Romsdal)

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket