Utesesongen går mot slutten. Ørsta IL friidrett avsluttar sesongen med premieutdeling og omvend 5-kamp.
Tysdag 28. september kl 18:00 inviterer vi alle aldersgrupper til avslutting med premieutdeling for dei fire cup-stemna vi har hatt i år (Klubbstemne, Sparebank1-leikane, Ørstaleikane og Rekrutteringscup nr 6). På avsluttinga skal vi ha superduper-stafett og premieutdeling. Premie vert delt ut til alle frå Ørsta IL friidrett som har delteke på eitt eller fleire av stemna på Ørsta stadion i år.
Torsdag 30. september kl 18:00 inviterer vi alle 2012-modellar og eldre (9 år og eldre) til årets høgdepunkt, omvend 5-kamp. Då har vi utradisjonelle øvingar som løp baklengs, løp på idealtid, spydkast på mål og meir. 9-åringane (2012-modellane) er spesielt inviterte.
I oktober har vi pause i fellestreningane.
Vintertreningane for dei som er 10 år og eldre (2012-modellar og eldre) startar 1. november. For 10-12-årsgruppa (2010-2012-modellar) er treningane inne i Ørstahallen. For 13+ (2009-modellar og eldre) er treningane ei blanding av innetreningar i Ørstahallen og utetreningar på stadion eller under taket bak tribunen. Treningstidene er ikkje heilt avklarte endå, men det vert tysdag og torsdag ca kl 18 for 10-12-årsgruppa, og måndag, tysdag og torsdag for 13+-gruppa (førebels ikkje heilt fastsett kva klokkeslett).
Kalender
|